DET ER FOR TIDEN INGEN LEDIGE STILLINGAR

__________________


HOTELLMEDARBEIDAR

Er du klar for ny jobb, les her.

Frå resepsjonist til stuepike. Lyst til å jobba på hotell ? Me treng nye medarbeidarar. Du må vera allsidig, og like gjerne jobbe i resepsjon som på romma, på kjøkkenet, med reinhald, innkjøp eller administrative oppgåver. Hos oss tar me alle i eit tak for at våre gjester skal trivas. Ei positiv innstilling er difor viktig. Søkjar må ha god data og språkkunnskap, erfaring frå serviceyrket er ein fordel. Me ynskjer positive og utadvendte medarbeidara som kan jobba sjølvstendig i eit til tider hektisk og triveleg miljø.

Me søker personar med blikk for detaljar og evne til å vidareutvikle vårt produkt, og som er villig til å strekkje seg for at gjesten får det best mogleg.  Har du erfaring med HMS eller IKMAT er det eit pluss, branntryggleik er nr 1 på lista. Er du "serviceminded", positiv og ynskjer å jobbe med menneskjer - ja, då kan me tilby ein spanande og lærerik jobb på vårt hotell.


LEDIGE STILLINGAR
  • Hotellmedarbeidar 100 %.
  • Hotellmedarbeidar deltid (fleksibel).

Ekstra hjelp
Me treng allsidige personar i resepsjon, på kjøkkenet, vask av rom og som nattevakt. Annankvar helg.

  • Hotellmedarbeidar helg og ekstra vakt ca 30 % stilling, Deltid (fleksibel).
  • Allsidig resepsjonist - servitør med "da litla ekstra".

Ferie me tilpassar etter avtale med våre medarbeidarar: frå 4 til 7 veker fordelt på sommar, jul og påske.

KRAV TIL SØKJAR
  • over 20 år.
  • Snakka norsk og godt engelsk.
  • Grunnleggande datakunnskap.
  • Jobba sjølvstendig.
  • Jobba annankvar helg.
  • Godt humør.
Opplæring vert gitt.

Lønn: Etter avtale.

Vil du jobba med andre positive menneske i ein kvardag der ingen arbeidsdag er lik?
Då er Almås Hotell plassen for deg.

Send skriftleg søknad pr. e-post.
Kopi av attestar og vitnemål ber me om seinare.
Ta kontakt med Rune Almås for ytterligare informasjon.

Almås Hotell as
Att: Rune Almås
Postboks 179
5402 Stord
rune@almaas.no
mobil 906 85397


Almås Hotell AS
Kjøtteinsvegen 60
Postboks 179, 5402 STORD

Telefon: 53 40 99 99
Telefaks: 53 40 99 91
Overnatting på Almås Hotell i Hordaland, lite hotel på Vestlandet i Sunnhordland, Leirvik på Stord, på Bjelland.