|
 |
Turforslag
Sunnhordland basenget er eit eldorado for utflukter med bil eller til fots. Her er nokre forslag på våre mest poppulære mål.
Ein tur til ein av våre mange fjelltoppar. Kattnakken eller Stovegolvet på Stord, Siggjo på Bømlo. Fjellturar til fantastiske utsiktspunkt, og til spanande geologiske område.
Ta turen i Landåsen, skogsområde like ved hotellet. Her opplever du Stord`s flotte skogar og vatn, oppmerka stiar og lysløype.
Hystadmarkjo er eit værna område like nord/aust for Leirvik. Her går du på ein smal natursti i værna område langs vår vakre skjærgård.
Biltur til Brandasund (nord på Bømlo) er noko alle må ha opplevd. Kombiner turen med å besøke Mosterhavn, gamlekyrkja og mosteramfi. Kyrkja på Moster er blant dei eldste steinkyrkjene i landet. Den vart bygd som hovedkyrkje for Hordaland, og i den første kristningstida var dette ei av få kyrkjer i fylket. Kyrkja er frå 1100-talet.
Kart for utskrift frå bilvandring.com Biltur til Fitjar eller Bømlo, fottur på Fitjar, ein tur i Landåsen eller i Hystadmarko , Gruveområde på Litlabø, til fjels Heio og Kattenakken, Siggjo, Brandasundsåto,
|
|