|
 |
Velkomen til den aktive "øya" Stord
Stord er ein triveleg liten by på Vestlandet, midt mellom Bergen og Haugesund. Her er det korte avstandar mellom jobb, skule, barnehage og fritidstilbod. Kommunikasjonen til Bergen, Haugesund og Stavanger er god – enten du reiser med hurtigbåt eller ferje og bil.
Stord er eit levande bysamfunn med kort veg til naturen.
Regionalt sentrum
 Leirvik sentrum
Leirvik, med ni tusen innbyggjarar, er hovudstaden i Sunnhordlandsregionen. Den andre tettstaden i Stord kommune er det stadig veksande Sagvåg med snaue 5 000 innbyggjarar. Sjølve Stord kommune, som ligg på sørsida av øya Stord, har 17 600 innbyggjarar pr 1.1.2010. På nordsida av øya ligg Fitjar med cirka 4 000 innbyggjarar.
* Regionhovudstaden vår, Leirvik, er ein vaksen småby med ei yrande gågate, Borggata. Stord har alle dei tilboda som høyrer med til ein by. Her ligg Stord sjukehus og Stord lufthamn.
* Stord er også eit senter for opplæring og utdanning. Her er vidaregåande skular og høgskule. Høgskulen Stord/Haugesund tilbyr lærarutdanning, ingeniørutdanning og sjukepleiarutdanning. Hovudadministrasjonen til høgskulen er lagt til Rommetveit nord for Leirvik.
Meir informasjon om distriktet: VisitSunnhordland
Til Stord med fly
Øya vår har eigen flyplass med daglege avgangar til Oslo, Gardermoen. Det tek om lag ein time med fly frå hovudstaden til Stord Lufthamn i Sørstokken på Stord. Rutetabellar finn du på Stord Lufthamn sin nettstad.
Nabokommunane til Stord
Stord kommune ligg sentralt til i Sunnhordland, i Hordaland fylke. Øya Stord er delt i to kommunar: Stord og Fitjar. I aust ligg kommunane Kvinnherad og Tysnes, og i sør ligg Sveio. Bømlo er grannekommunen vår i vest.
 Trekantsambandet
Stord er tilknytta fastlandet og Bømlo gjennom trekantsambandet (bruer og tunnel)
- Verdas største nynorskkommune
- Senter for leverandørretta oljeindustri i Norge. Større verksemder er Aker Stord AS, Aker Elektro AS, Wärtsilä AS og Apply Leirvik
- Regionsenter i Sunnhordland. Sunnhordlandsregionen har ca 60 000 innbyggjarar fordelt på 7 kommunar
- Høgskulesenter - Høgskulen Stord/Haugesund
- Sjukehus – Stord sjukehus
- Flyplass – Stord lufthamn
- Kommunesenter: Leirvik
- Areal: 144 kvadratkilometer
- Folkeltal: 17600
- Arbeidsplassar: 9600
- Tenesteyting privat/off.: 63 % - Industri, bygg/anl.: 36 % - Primærnæringar: 1 %
|
|